Gro-kjolar og motemekka på Grodås

Grodås, Hornindal

Ordet har ein klang av fordums industrieventyr frå ei tid då Hornindal var sjølve motemekka, og draumen var å ha ekte Gro-kjolar i skapet. 

 

Industrieventyret var frå ei tid då Industribygg 2 ved Hornindalsvatnet romma Grodås Fabrikker AS med over 50 kvinnearbeidsplassar, og symaskinene gjekk varme for å forsyne heile landet med lekre designkjolar og folk kom lange vegar for å handle Gro-kjolar på det lokale utsalet.

Grodås Fabrikker AS vart etablert i 1962 og hadde på det meste opp i 60 tilsette. Fabrikken designa og sydde moteriktige kjolar, drakter, bukser og skjørt og namnet «Gro» vart etter kvart eit etablert merke for kle for den moderne kvinna. Det var stas å ha ekte Gro-kjolar, og slitesterke som dei var gjekk dei i arv til yngre systrer og syskenbarn, så det var etter kvart mange unge og vaksne kvinner å sjå i dei karakteristiske modellane.

 

Ordførar og skreddar

Det var lite industri i Sogn og Fjordane på tidleg 60-tal. Lokalpolitikar ordførar Kaare Maurset (1903–1988) var ein av dei som engasjerte seg sterkt i å få etablert lokal industri. Han talte varmt for at Hornindal måtte arbeide aktivt sjølve for å få industri og næringsutvikling, og gjekk i spissen for å få bygd kommunale utleigebygg til industrien. Ein annan sentral person var Per B. Lødemel, i daglegtale «Skreddar-Per». Oppvaksen med ein far som var skreddar, tidleg interessert i yrket og sjølv utdanna i faget. Han hadde arbeidd på skreddarverkstad i Ålesund og konfeksjonsfabrikkar i Romsdalen og i Sverige. I tillegg hadde han gått i lære på Stockholms Tilskjærarakademi, dreiv sjølv skreddarverkstad og hadde fleire syersker i arbeid.

 

Frå Sunnmøre

Fleire industrileiarar på Sunnmøre var i denne tida kontakta for vurdering av oppstart av industri, og då vegen til Stranda vart opna i september 1962 låg vegen bokstaveleg tala open. Dermed kom sunnmøringane Lars E. Sunde og Bertil Humlen inn og byrja med forarbeidet til oppstart av verksemda Grodås Fabrikker AS.

 

Kurs for 10 syersker

Per B. Lødemel hadde bygd eit hus ved sidan av skreddarhuset, og her vart det etter kvart kjøpt inn maskiner og halde kurs for syersker, 10 i talet. Det vart sydd blusar. Tilskjering stod Per B. Lødemel for sjølv. Snart vart lokala for små, og det vart leigt lokale også hos Ola R. Grodås. Lager fekk ein leige i industribygget som vart kalla Kursbygget på Ytrehorn.

 

Vart heitande «Gro-bygget»

Lars E. Sunde vart disponent på fabrikken, medan Bertil Humlen leverte stoff til produksjonen. Etter kvart som verksemda vaks vart det klart at ein måtte samlast i eitt lokale. Her kom det kommunale Industribygg 2, som sidan vart heitande Gro-bygget inn. Verksemda flytta inn i lokala i 1967. Grodås Fabrikker fekk også avdelingar i Stryn, Innvik og Hareid.

 

I dag har Gro-bygget blitt eit landemerke og eit viktig monument over industrieventyret som fann stad på slutten av 60-talet og første halvdel av 70-talet i Hornindal.

 

Fabrikken skapte liv og røre

– 1960- og 70-åra var ei fantastisk tid å vere ung i Honndalen, seier Solveig Brendefur, som sjølv arbeidde på kontoret ved Grodås Fabrikker AS i ein periode. Ho har også skrive om fabrikken og tida rundt denne i årsskriftet til Hornindal Historielag. – For oss som var unge i 1960- og 70-åra hadde fabrikken stor betydning, seier ho. – Mange unge jenter som elles hadde måtta reist ut av bygda for å få seg arbeid vart verande i heimbygda. Og så kom det mange jenter utanfrå for å arbeide på fabrikken. Dette var spennande, ikkje minst for honndalsgutane. Det vart liv og røre i bygda, og det vart eit aktivt ungdomsmiljø, fortel Solveig Brendefur.

– I tillegg til syjentene var det dei første åra og mange som arbeidde på anlegg for Tussa i fjelldalane, så det var spennande tider!

 

Romslegare økonomi og sosialt liv

Solveig Brendefur seier at fabrikken, som var den første av nokon storleik i Hornindal, skapte ei ny tid i bygda. Dette var kjærkomne arbeidsplassar for kvinner. Unge jenter kunne arbeide i heimbygda og sleppe å reise ut alt for tidleg for å få seg arbeid, slik det hadde vore vanleg. Mange reiste på denne tida til dømes til Stranda for å jobbe i konfeksjonsindustrien.

Også vaksne kvinner som ikkje hadde hatt arbeid utanfor heimen på mange år, fekk seg no jobb som syersker på Gro. – Dette gav romslegare økonomi. Godt for mange at dei no kunne tene sine eigne pengar, gå til sin eigen arbeidsplass og bli økonomisk uavhengige. Dessutan fekk dei eit sosialt liv på arbeidsplassen som dei ikkje hadde hatt før, seier Solveig Brendefur.

 

Inger Lise Rypdal og Gro Anita Schønn

Syjentene budde på hyblar rundt om i bygda. Det var ikkje mange utestader, så skulle dei unge møtast, var det oftast på ein hybel. Eller på dans på Dølheim, «Lønje».

– Denne tida var det svært ofte dansefestar. Nokre år omtrent kvar laurdag, i alle fall om sommaren, og ofte onsdag også! seier Solveig Brendefur. Ei av syerskene, Erna Tytingvåg, var leiar i ungdomslaget. Ho hadde gode forbindelsar og eit stort kontaktnett, og skaffa mellom anna mange kjende danseband til Hornindal. – Eg kan hugse at Inger Lise Rypdal med band, Gro Anita Schønn og Terje Fjern, Kjell Karlsens Orkester og Finn Eriksen var mellom dei som spelte her, fortel Solveig Brendefur.

 

Fekk ikkje lov å reise til Oslo

Bjørg Gårder Gausemel var berre 17 år då ho kom til Hornindal. – Vi var mange søsken, to gutar og seks jenter. Og det var ikkje så viktig at vi jentene fekk utdanning, vi måtte ut og tene pengar, seier ho. Oslo var ikkje aktuelt, det fekk ho ikkje lov til. Derimot fekk ho jobb i Hornindal gjennom arbeidsformidlinga. Bjørg kom til bygda med ei venninne og budde på hybel hos Per B. Lødemel og seinare på Rabbane. Hybelbuarane vart svært godt ivaretekne, fortel ho. – Vi spleisa på mat og prøvde å leve så rimeleg vi kunne, for løna var ikkje så høg til å byrje med. Av og til kjøpte vi oss god og billeg middag hos Laura Navelsaker, fortel Bjørg. Syjobben likte 17-åringen godt. – Vi sydde på akkord, så det var travelt. Men vi var godt mottekne i bygda, og hadde inntrykk av at ungdommane her likte at det kom nye folk til bygda. Bjørg trefte mannen sin i Hornindal og var ei av Gro-jentene som vart verande i bygda og stifta familie.

 

– Er her enno!

Marit Førde Lødemel kom også til Hornindal for å sy på Gro-fabrikken. Ho hadde gått på Heimeyrkeskulen i Jølster saman med Marie Lillestøl frå Hornindal, og Marie tipsa Marit om å søke på fabrikken. Året var 1971. Marit og to andre søkte og fekk jobb. Først tykte ho arbeidet var noko einsformig, men etter kvart fekk ho gradere mønster og andre ulike oppgåver, og då treivst ho med arbeidet. – Vi hadde tenkt oss ut i verda, og tenkte å vere her eit halvt års tid, fortel Marit. – Men alle tre fann vi oss ein mann i Hornindal, og eg er her enno!

 

Kjelde: Fjordingen.