Moods of Norway

Stryn

Moteeventyret frå Stryn som satt Norge på verdskartet.

Under studietida på Hawai bestemte tre Stryningar (Simen Staalnacke, Peder Børresen og Stefan Dahlkvist) å etablere eit klesmerke-konsept som bygde på norske tradisjonar. Dei brukte mormors vaffeloppskrift og element frå rosemaling på kleda, og blei raskt ein stor suksess. Dei lanserte tre kolleksjonar, med «street», «casual» og «cocktail». Etter etableringa i 2003 blei det opna ei rekke butikkar i Norge, seinare også i Los Angeles og New York. Den første butikken dei opna var i Stryn, og i 2008 opna selskapet sin første butikk i hovudstaden. Den låg vegg i vegg med den eksklusive motebutikken Louis Vuitton, og hadde mellom anna prøverom som såg ut som ein utedo.

 

2011 var regna som toppåret med resultat før skatt på 100 millionar. Omsetninga var oppi heile 333 millionar i 2012, men kostnadane blei etter kvart så store at dei i 2017 blei slått konkurs etter 14 års drift. Med det var eit eventyr for norsk motedesign over. Dei tre Stryningane hadde satt Norge på det internasjonale motekartet, men så var det brått over.

 

Logoen var ein rosa traktor, og utanfor fleire butikkar sto det ein rosa eller gullfarga traktor. Designet var nytt og leikent. Dei såg ut til å greie å kombinere business med det å ha det gøy. Dei sto for dei offisielle kleda under ski-VM i Oslo, og arrangerte eit fantastisk moteshow på Bislett i Oslo med tidlegare VM-heltar og norske kjendisar som fekk mykje merksemd. Kleda blei heilt til siste slutt vist både i Vogue og Teen Vogue, med nye design og kolleksjonar.

 

Gründarane blei genierklært med korleis dei som ungt moteselskap marknadsførte seg på ukonvensjonelle måtar, og med såkalla «experience economy» forklart med at dei fronta merket med et «boyband-image». Harvard tok deira business-case inn som del av pensum i 2009.  

 

Etter at den norske klesprodusenten Moods of Norway gjekk konkurs i 2017, bestemte dagleg leiar Jan Egil Flo seg for å kjøpe opp konkursboet saman med Moods of Norway-gründaren, Simen Staalnacke. Investeringa kosta dei over 50 millionar. Sidan har dei jobba med å utvikle den nye merkevara Moods, med showrooms for auka netthandel. Dei satsar i dei største byane i Norge, i tillegg til ein butikk i Stryn, som er der verksemda har sitt hovudkvarter.