Riccovero, ein gong Kvamme Konfeksjon

Stryn sentrum

Det er meir enn 80 år sidan Einar Kvamme etablerte sin skreddarpraksis i den lille bygda Olden, i Sogn og Fjordane.

Sidan Einar Kvamme etablerte Kvamme Konfeksjon for meir enn 80 år sidan har bedrifta gått i arv gjennom tre generasjonar. I 1986 etablerte soneson, Finn Einar Kvamme, RICCOVERO. Med sine fasjonable dressar tok han familiebedrifta til nye høgder.

 

Etter opninga av fyrste Concept Store i 1999, har RICCOVERO stadig vekse og utvikla seg. I 2002 vart RICCOVERO WOMAN lansert i den norske marknaden. I dag består herre- og damekolleksjonane av klassisk konfeksjon, casual-wear, sko og tilbehøyr.

 

Merkevara RICCOVERO vert i dag seld gjennom eit landsdekkande nett av forhandlarar, og åtte RICCOVERO Concept Stores.

 

Dei jobbar stadig for å utvikle eit merke som inspirerer til ein sofistikert og individuell stil - Likevel er skreddararven grunnsteinen i bedrifta, og stoltheita som definerer deira konsept.

 

Riccovero har to outlets i Stryn, eit i Stryn sentrum og eit i Olden.