Haula Vingård i Bjørke

Bjørke, Volda

Eigen produksjon av "Fjordbobler" er målet for Nina Viddal si satsing innerst i Hjørundfjorden. Vin er Nina sin lidenskap, og på besøk på familiegarden i Viddal kan du både smake og lære mykje om vin på verdas nordligaste vingård.

 

I 2016 kom dei første 550 drueplantane i jorda på Viddal ved Hjørundfjorden. Vinbonden Nina Viddal har planta fire sortar som er eigna for eit litt kaldare klima, med kortare modningstid. Nina tok over familiegarden i 2015, og meiner at klimaet ved fjorden er bra for dyrking av vindruer. Her er målet å realisere ideen om «fjordbobler», med plan om 5.000 drueplanter om nokre år.

Nina Viddal har ein lidenskap for vin, og held vinkurs når ho har tid til det. Fjord Exploring arrangerer fjord-cruise frå Sæbø til Viddal og verdas nordlegaste vingard. Turen kan kombinerast med Fjord Cruise frå Ålesund.

Bjørke er ein liten avstikkar på 27 km. frå FV60. Det tar ca. 25 minutt å køyre frå Grodås, gjennom Kvivstunnelen og straks til høgre ned mot Bjørke og Viddal ved Hjørundfjorden.