Pizzaeventyret på Stranda

Stranda

Sidan 1980 har det blitt laga godt over 500 millionar Grandiosa- og BigOne-pizzaer på Stranda. Og nærare 300 norske garder er engasjert på heiltid med å levere mjølk for å dekke osteforbruket ved pizzafabrikken.

Stranda har ein heilt spesiell plass i Orkla si historie. Eventyret starta for alvor i 1980, da Orkla «fant opp» og produserte den første Grandiosa-pizzaen. Det var i ei tid då pizza fortsatt var å anse som eksotisk mat i Norge. Med denne investeringa vart eit nytt kapittel i pizzaeventyret skrive. Sidan 1980 har det blitt laga godt over 500 millionar Grandiosa- og BigOne-pizzaer på Stranda.

Pizzaproduksjonen på Stranda er av stor betydning for verdiskapinga i norsk jordbruk og norsk matproduksjon. Eitt års osteforbruk til pizza krev mjølk frå rundt 6.400 kyr. Regner vi dette om til tal sysselsette gardsbruk, betyr det at nærare 300 norske gardar er engasjert på heiltid med å levere mjølk for å dekke osteforbruket ved pizzafabrikken.