Skinkehovudstaden Stranda

Stranda sentrum

På Stranda møtast mild og fuktig luft frå fjorden med vindane frå Sunnmørsalpene.  Det skaper gode forhold for speking av kjøt, og allereie mot slutten av 1800-tallet ble det etablert handtverksproduksjon av spekemat på Stranda. 

Skinkehovudstaden Stranda

På Stranda møtast mild og fuktig luft frå fjorden med vindane frå Sunnmørsalpane.  Det skaper gode forhold for speking av kjøt, og allereie mot slutten av 1800-tallet ble det etablert handtverksproduksjon av spekemat på Stranda.  I dag vert det speka produkt i moderne klimarom der den friske lufta vert styrt på temperatur og fuktigheit. Grunnlaget blei lagt ved å utnytte naturgitte forhold.

 

Stranda-merket så dagens lys i 1973 då 14 aksjonærar med mange års erfaring frå matproduksjon etablerte Stranda Spekemat AS. I dag inngår Stranda-merket i Grilstad-konsernet og produkta er marknadsleiande i Norge på spekeskinker, fenalår og mørpølser. Halvparten av all skinkeproduksjon i Norge skjer faktisk på Stranda, og Strandaskinka er den meist selde spekeskinka i Norge. Difor kan dei med rette kalle seg Norges skinkehovudstad. Ole Ringdal og Tind Spekevarer, eigd av Grilstad, er dei to andre produsentane av spekeskinke på Stranda.

 

Skinkerådhuset

I 2016 stod landets første og einaste Skinkerådhus klart i bygda. Grilstad ville med det etablere ein inspirasjonsarena i det gamle rådhuset på Stranda, og saman med dei andre lokale aktørane skape ein arena for vidareutvikling av god norsk spekeskinke, og sette fokus på kva god spekeskinke kan brukast til.

 

Rådhuset er innreda med ein kjøkkenavdeling og ein møteplass. Kjøkkenet er velegna for opplæring, utvikling og konkurransar. Bjørn Tore Furset som er ein av Stranda sine velrenommerte kokkar, står for planløysinga mens Torill Slettvoll har tatt hand om innreiing av møteplassen som blir møblert med ein av Stranda sine sterke merkevarer – Slettvoll.


​Skinkerådhuset er opent for events og gruppearrangement, som den store Spekeskinkefesten som vert arrangert i juni.

 

På Stranda Hotel kan du smake eit bredt utval av den gode Stranda-skinka! Prøv den gjerne i kombinasjon med lokalprodusert ost frå Skarbø Gardsmeieri og deira smaksrike eplesider!