Møbelindustriens vogge Stranda

Stranda

Det såkalla «sunnmørske møbeleventyret» starta med den då 16 år gamle småbrukarsonen Peter I. Langlo laga sin første stol på korgflettingskurs i Stranda i 1908.

 

Det såkalla «sunnmørske møbeleventyret» starta då den 16 år gamle småbrukarsonen Peter I. Langlo laga sin første stol på korgflettingskurs i Stranda i 1908. Eit par tiår seinare var P.I. Langlo's Fabrikker den største møbelprodusenten i Skandinavia med 120 tilsette. Suksessen smitta, og snart var det "møbelfabrikk i annankvar kjellar" på Sunnmøre.

Den internasjonalt mest anerkjente møbeldesignaren i Noreg, Peter Opsvik, kjem frå Stranda. Han har designa den velkjente Tripp Trapp-stolen produsert av Stokke. Det er den mest selde stolen i norsk møbelproduksjon med 10 millionar selde einingar.

På Galleri Cylindra i Sykkylven kan du oppleve nokre av dei mest særprega møblane Norge har å by på i fantastiske omgjevnader rett ved fjorden. Med Peter Opsvik-design kan du la deg forføre inn i ei verd der norsk natur og folkesjel vert spegla i desse unike objekta. Her finn du skap, stolar og bord med eit sterkt kunstnarisk uttrykk.

På Stranda ligg Slettvoll Møbler sin fabrikk. Slettvoll har utvikla eit eksklusivt merke innan møbel og interiør med eigne utsal i Norge og Sverige. På Stranda ligg også garderobeprodusenten Langlo, som også ligg i førstedivisjonen av norske interiørleverandørar.