Nordfjordsk møbelidentitet

Stryn

Stryn Møbelindustri AS vart grunnlagd i 1939, etterfulgt av Tonning Møbelfabrikk AS nokre få år seinare i 1946. Med det var Stryn blitt ei viktig møbelbygd.

Stryn Møbelindustri AS vart grunnlagd i 1939, etterfylgt av Tonning Møbelfabrikk AS nokre få år seinare i 1946. Med det var Stryn blitt ei viktig møbelbygd. Dei vart kvarandres sparringspartnarar fram mot ein genuin nordfjordsk møbelidentitet. I 2013 vart dei to verksemdene slått saman, og skal bringe arva vidare under ei merkevare Tonning & Stryn. 

 

Dei kan fortelje:

Historia byrjar med trevirket, heilt frå si spede spire i skogen, og den held fram ved at menneskjer sit i, tek på , kviler i eller et ved eit ferdig møbel. Ei historie som i begge endar er tidlaus.


For det er tre vi arbeider med. Flammebjørk og eik, solide og velkjende råmaterialar med eigenskapar det tek tid og kunnskap å kjenne. Hjå oss arbeider det berre handverkarar med djup interesse for trevirke, dei veit korleis det ter seg og på kva måte ein best kan tilarbeide det. I samarbeid med Noregs beste møbeldesignarar byrjar det som best kan beskrivast som ein samtale mellom formgjevarar og trevirke. Kvar for seg ønsker dei å fortelje noko. Slik vert det møblar med varig verdi av.