Om Designvegen

Designvegen er ei satsing på auka opplevingstilbod langs fylkesveg 60 frå Sykkylven til Stryn, frå fjord til fjell gjennom Sunnmørsalpane til Nordfjord.

Naturen er vår største attraksjonskraft, men som vi ynskjer å fylle med formidling av spennande kulturhistorie. Framveksten av design- og møbelindustrien i regionen viser ei kremmarånd utan sidestykke i norsk historie. Det heile starta då Peter Ivarson Langlo på Stranda deltok på eit korgflettingskurs i 1908. I etterkrigstida var det stor etterspurnad etter møblar og på det meste var det heile 120 møbelfabrikkar og verkstader berre i Sykkylven i 40-åra. Også produksjon av tekstil og konfeksjon hadde ei eventyrleg vekst.

For dei som er interessert i design- og møbelhistorie trur vi arkitektur og lokal kunst og er spennande tema.

Med tilbakegongen innan møbelindustrien har matindustrien fått godt fotfeste, kor Smaken av Sunnmøre og Nordfjord følgjer som ein naturleg del når industrihistoria vår skal forteljast. Her er mange store og fleire små leverandørar av tradisjonsrik kost frå regionen.

Vi håper du får ei spennande reise gjennom Sunnmørsalpane til Nordfjord eller visa verse, med gode historier om kva som har gjeve livsgrunnlag for folk langs fjord og fjell i noko av det vakraste Noreg har å by på.