Siste nytt: Om oss

Designvegen er ei rute frå Sykkylven til Stryn med ei unik kulturhistorie frå norsk designutforming.

-Frå møbelproduksjon, tekstil- og konfeksjonsproduksjon på Sunnmøre og i Nordfjord. 

Vi vil vise fram skaparkrafta og kremmarånden til lokale eldsjeler som bidro til framveksten av eit hundretals møbelprodusentar på Sunnmøre og i Nordfjord på midten av 1900-talet. Designarar frå Sunnmøre har formgjeve dei mest suksessfulle møblane frå Norge, og lokale klesprodusentar er akta både nasjonalt og internasjonalt.

Vi vil gjerne fortelje og vise fram vår heilt unike industrihistoire, kombinert med lokal kunst, arkitektur og matkultur.