Hornindal Kyrkje

Hornindal, Grodås

Kyrkja er ei tømra langkyrkje frå 1853. Trerelieffet frå 1932 er ein kopi av kunstnaren Dagfin Werenskiold utført av presten Jon Johnson. Kunstnaren vart så imponert då han kom for å måle relieffen, at han gav kyrkja originalen mot at fekk kopien. 

Hornindal kyrkje frå 1853

 

Kyrkja står på Kyrkhorne nordom Grodås sentrum, og er ei tømra langkyrkje frå 1853. Arkitekt for kyrkja, som har sitjeplassar til 400 personar, var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikning laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Mykje av inventaret er frå byggjeåret.

 

Då kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok presten og prestefrua, Jon og Alhede Johnson, tak i saka. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga eit trerelieff som presten ville kopiere, og det fekk han.

 

Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold kom til Hornindal for å ta seg av målinga av relieffet, men kunstnaren vart så imponert av det han fekk sjå at han tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kapell.