Loen Kyrkje

Loen

Attmed kyrkja i Loen står ein vel to meter høg steinkross. Steinen er kring eitt tusen år gammal, han stod opphavleg i Korsvika nede ved sjøen, var samlingstad for dei fyste kristne, og vart flytta opp til kyrkja fyrst på 1700-talet.

Loen kyrkje frå 1838

Og kalla Lokyrkja, står i Loen i Stryn kommune. Det er ei tømra åttekantkyrkje frå 1838. Byggmeister var Elling Waldboe, og noko arkitekt finst ikkje nemnd i samband med kyrkja. Kyrkjebygget er truleg inspirert av Innvik kyrkje oppført av Elling Olsson Valbø frå Eidsvoll. Kyrkja er lite endra opp gjennom åra og ho er difor ei av dei som gjev ein best inntrykk av korleis det var i norske kyrkjer av denne typen på fyrste halvdel av attenhundretalet.

På kyrkjegarden ved kyrkja ligg dei som vart att funne etter raskatastrofane som ramma dei inste bygdene ved Lovatnet i 1905 og 1936 gravlagde. Ved kyrkja står det minnesteinar med namna til dei omkomne i ulukkene, og inni kyrkja heng det ei minnetavle.