Olden nye kyrkje

Olden, Stryn

Olden kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Brynestad i Stryn kommune. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 19. desember 1934 av biskop Andreas Fleischer. Arkitekt Daniel J. Muri laga teikningane. Olden kyrkje er soknekyrkje for Olden sokn i Innvik prestegjeld.

Raskt bygd

Jonsokdag i 1934 vart grunnsteinen til Olden kyrkje lagd ned. Bileta frå vigslinga eit knapt halvår etter viser ei kyrkje pynta til jul. Når arbeidet gjekk så raskt, fortel det om ein stor arbeidsiver i bygda. Men så gjekk også bygginga føre seg midt i dei harde tretti-åra, då arbeidsløysa var stor. Der var meir enn nok av villige karar som var glade til om dei fekk tent nokre kroner på kyrkjebygginga. Den langvarige usemja om dei skulle byggje ny kyrkje eller restaurere gamlekyrkja hadde dessutan slite på tolmodet til bygdefolket. No ønskte dei berre å få reist ny kyrkje.

 

Eksteriør og interiør

Utvendig er kyrkja måla i ein slags raudbrun farge, og med lyse lister. Ho er stilrein, bygd i tradisjonell basilika-form med heva midtrom og sideskip. Tårnet er plassert på ein takryttar litt inne på mønet. Tårnfoten har same fargar og vinklar som kyrkja elles og har gavlar mot vest og aust. Arkitekten, Daniel J. Muri, møtte motstand frå Statens bygningsinspektør, som ønskte at kyrkja skulle teiknast både lågare og mindre. Men Muri heldt fast på sitt utkast, og følgde nøye med under bygginga for å sikre at denne "almennmannens katedral" vart reist slik han hadde teikna han. Og slik vart kyrkja, høg og flott.

 

Til liks med gamlekyrkja har Olden kyrkje umåla interiør, det gjeld både tak, vegger og benkene, men her er dei i staden lakka ganske mørke. Dei uvanleg store lysekronene gjer likevel sitt til at kyrkjerommet vert lyst og triveleg. Langs veggene i sideskipa er to og to vindauge sett saman. Dei er i småruta blyinnfatning, har raude kantar og små stiliserte liljer i midten. Veggene i midtskipet har same løysinga, men med vindauge i to høgder. Ein fin detalj er dei avrunda hjørna på den øvste rekkja. I koret er der eit vindauge på kvar side øvst på veggen i tillegg til glasmåleria på austveggen. Koret har elles dei vanlege sakristia på kvar side.

 

Utskorne englar

Fleire stader i kyrkjerommet er der store og mindre englar. Nokre er framstilte med kroppsformer, andre berre med englehovud og venger ut til sidene. Det var Arne Kinsarvik, son til Lars T. Kinsarvik, som hadde ansvaret for englane, dekorasjonen av alt treverket i koret og andre utskjeringar, godt hjelpt av fleire lokale handverkarar. Arbeidet er utført i gulldekor, slik som ein god del av detaljane elles i kyrkja, t.d. krossane i alterringen. Både i koret og skipet er taket flatt og skrånar ut mot sidene. I tillegg til avstivarar som er festa skrått ut frå veggene, er det festa bardunar mellom veggene. Dei vart monterte på midten av 1970-talet etter at ein orkan nesten skremde livet av kyrkjelyden som var samla til gudsteneste.

Då Olden nye kyrkje vart bygd, var våpenhuset ein del av hovudbygningen med trapper på kvar side opp til galleriet. Då kyrkja runda 50 år i 1984, vart kyrkja utvida med nytt inngangsparti som rommar både toalett og bårerom.

 

Kunst og inventar

Altartavla frå 1934 er laga av Bjørn Smith-Hald. Kyrkjelyden hadde tre ulike alternativ å velja mellom, men til sist samla ein seg i eit samrøystes val av Smith-Hald sitt utkast, truleg etter sterkt press frå arkitekten. Altertavla har ei framstilling av Kristus som er helst litt spesiell. Han er framstilt som trøytt og bortvend i det han kjem ut av grava. Det kunstnariske uttrykket er lite i samsvar med den jublande innskrifta "Han er uppstaden". Frå 1992 har det vore drøftingar om å skifte ut måleriet i altertavla. I 1999 låg det føre eit tilrådd framlegg laga av Liv Benedicte Nielsen, tilpassa glasmåleriet.

 

På alteret står to lysestakar i sølvplett. Nattverdsutstyret i sølvplett er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vin kanne. Preikestolen har utskorne dekorasjonar og er til liks med døypefonten frå 1934. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølvplett. Dåpsfatet har innskrifta "Lat dei små born koma til meg, hindra dei ikkje" (Mark. 10,14).

 

Glasmåleriet frå 1936 er laga av glasmeister R. Rognaldsen, Bergen, viser Kristi himmelferd. Over glasmåleriet står eit auge, laga av Arne Kinsarvik. Auget er eit gammalt symbol for at Gud vaker og ser til sin kyrkjelyd. Dei måla relieffa i tre på veggene i skipet, er laga av Kolbjørn Skarstein og Jakob Høgalmen. Inngangsdøra er forseggjort. Over døra står ein Kristusfigur, med eit uttrykk som svarar til Jesusorda i Joh. 6,37b i innskrifta under "Den som kjem til meg skal eg så visst ikkje vise bort".

Orgelet frå 1953/54 har 18 stemmer, og er bygd av Vestre orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1934 er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS.

 

Frå interiøret i kyrkja, skipet sett mot koret. Interiøret er umåla, det gjeld både taket, veggene og benkene. Taket og veggene er lakka ganske mørke, medan benkene er lyse. Preikestolen frå 1934 har utskorne dekorasjonar.

 

 

Orkanen tok nesten kyrkja

Vinterstormane kan vere sterke i Olden, og det var ein sønnavindstorm som la ei nesten ny tømmerkyrkje i bakken i 1757, på staden der krosskyrkja står i dag. I 1975 slo naturkreftene til att på ein slik måte at heile kyrkja rista i orkanbygene. Det skjedde om ettermiddagen 21. desember, fjerde søndag i advent, då kyrkjelyden var samla for å syngje jula inn. Lysekronene i midtskipet byrja å svaie, og like før gudstenesta skulle starte, gjekk lyset. Brått sat kyrkjelyden i mørkret. Det knaka i veggene, og alle ønskte berre å koma seg trygt heim.

Etter som orkanen slo ned frå fjella på austsida var det uråd å kome seg ut hovuddøra, då kunne vinden fylle kyrkjerommet og presse taket i vêret. I små grupper forlet folket kyrkja gjennom ei dør på vestsida, men den vesle turen bort til parkeringsplassen var tøff nok. Fleire mista det dei hadde av briller, huer og vesker. Ei kvinne hadde med seg alderstrygda til kyrkje og opplevde at veska opna seg og pengane forsvann i vinden. Etter denne hendinga vedtok soknerådet at det skulle festast bardunar i veggene på Olden kyrkje.

 

Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane