Sunnylven Kyrkje

Hellesylt, Stranda

Henrik Ibsen vitja Hellesylt på reisa gjennom Vestlandet sommaren 1862. Kyrkja var då ny og Sunnylven var frå 1861 eige prestegjeld. Sunnylven og soknepresten Ole Olsen Barman (f.1816) kan vere inspirasjon for Ibsens dramatiske dikt Brand.

Sunnylven kyrkje frå 1859

 

Er ei langkyrkje i Hellesylt i Stranda kommune. Kyrkja er frå 1859 og har 400 sitjeplassar. Ho er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikningar laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. Rolfsen stod også bak Hornindal kyrkje og Nedstryn kyrkje i Nordfjord, og dei tre kyrkjene har mykje sams. Nils A. Liaaen teikna Sylte kyrkje i 1862 og var truleg inspirert av den nye kyrkja på Hellesylt.

 

Kyrkja vart restaurert i 1959 til hundreårsminne, og ho vart pussa opp innvendig i 1988.

 

Henrik Ibsen vitja Hellesylt på reisa gjennom Vestlandet sommaren 1862. Kyrkja var då ny og Sunnylven var frå 1861 eige prestegjeld. Sunnylven og soknepresten Ole Olsen Barman (f.1816) kan vere inspirasjon for Ibsens dramatiske dikt Brand. Andre akt av Brand byrjar slik: «Nede ved Fjorden med bratte Bergvægge omkring. Den gamle forfaldne Kirke ligger paa en liden Bakke i Nærheden. Et Uveir trækker opp.» Femte akt skildrar den nye kyrkja klar til å bli innvigd «Halvandet år senere. Den nye kirke står fuldfærdig og smykket til indvielsen. Elven rinder tæt forbi. Det er tidlig tåget morgen. KLOKKEREN er ifærd med at hænge kranse op udenfor kirken; lidt efter kommer SKOLEMESTEREN.»

 

Jacob Mathias Calmeyer teikning av «Sönelvens Kirke i Søndmør» vart trykt i Christian Tønsbergs «Norge fremstillet i Tegninger» (1848). Peter Chr. Asbjørnsen, Ibsens ven og stoffkjelde, leverte forklarande tekst til teikningane, og for kyrkja på Hellesylt skreiv Asbjørnsen: «Ved Bunden af Fjorden oppe paa Bakken ved Hellesylt seer man Sönelvens Kirke. Elven styrer sin betydelige Vandmasse forbi den ud i Fjorden.»