Badehuset på Hellesylt

Hellesylt

Badehuset på Hellesylt er av dei sjeldne og best bevarte i landet, og under ei tilstelning 2. oktober 2009 vart bygget og sjøbadet kring erklært freda av riksantikvaren.

Badehuset på Hellesylt er av dei sjeldne og best bevarte i landet, og under ei tilstelling 2. oktober 2009 vart bygget og sjøbadet kring erklært freda av riksantikvaren.

 

Badehuset vart bygt i 1937 der spesielt ålesundaren Anton R. Larsen gjekk i brodden for arbeidet. Entreprenør Kristensen gav gratis av forskalingsmaterialen som var nytta til utviding av Hellesylt kai til byggearbeidet. I 1938 overtok Hellesylt Ungdomslag bygget som gåve, og har etter det stått som eigar. Det vart utført eit større vedlikehald av huset i 2002.


Badestranda og badehuset på Hellesylt er populært for folk både frå lokalmiljøet og bygdene rundt på varme sommardagar. Badehuset vart ved avstemming kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997.