Møbelbautaen

Stranda fergekai

Er reist etter initiativ av Stranda Sentrumsforening i samband med 100-års markeringa for den industrialiserte møbelproduksjonen i Norge.

Møbelbautaen vart reist i 2009 for å markere 100-årsminnet etter at «det moderne møbeleventyret» starta i Norge. Stranda har lenge vorte omtala som «møbelindustriens vogge», og mannen som la grunnlaget for det heile var industripioneren P. I. Langlo. Etter eit kurs i korgfletting, skipa til av Norsk Husflids Venner, byrja han i 1908 å lage korgmøblar i eit kjellarlokale heime i Pålgarden på Langlo. Produksjonen voks, like eins utvalet av møblar og design, og i mellomkrigsåra var fabrikken den største i møbel i Norden, med 240 tilsette på det meste.


Initiativet til bautaen vart teke av Svein Odd Langlo i Stranda Sentrumsforeining. Ein komité, sett saman av Hildegunn Brune, Inge Langlo og Helge Søvik, engasjerte kunstnaren Margrete Ringdal til å designe bautaen, ein stol i stein, tre meter høg, og plasseringa ved sjøkanten var ikkje tilfeldig vald. Margrete Ringdal valde å ta utgangspunkt i to fjelltindar og Skafjellfossen tvers over fjorden. Inge Langlo stod for avdukinga, som vart fylgd av eit stort tal interesserte.