Møbelmuseet

Sykkylven er i dag landets møbelhovudstad. Møbelmuseet gir deg historia frå handfletta korgmøblar og fram til dagens robotproduserte kvilestolar i hud og stål.

 

Sunnmøre har vore eit tyngdepunkt i norsk møbelindustri gjennom hundre år. Møbelmuseet gir deg historia frå hand fletta korgmøblar og fram til dagens robotproduserte kvilestolar. Gjennom 1900-talet har møbelindustrien på Sunnmøre kjempa seg fram i verdstoppen både når det gjeld design og produksjonsteknologi. Møbelmuseet let deg møte menneska, ambisjonane, kreativiteten og gründerkulturen.

 


Opningstider frå 20.06. til 23.08.: onsdag, torsdag og søndag frå 12.00 til 16.00.

Kontakttelefon: +47 900 18 419

Billett: Vaksne kr 60,-
Born over tre år: kr 30,-

Opningstider og billett gjeld også for Sykkylven Naturmuseum.