Bakketunet

Bjørke, Volda

I Bjørke i Volda kun ein liten avstikkar frå FV 60 finn du Bakketunet som i sommarhalvåret skal vere eit aktivt og levande kunst -og kultursentrum, der vert det lagt vekt på formidling av tradisjonar, kulturarv, kunsthandverk og samtidskunst som har høg kvalitet. Dei tek vare på røtene frå bondekulturen, og vernar om den felles kulturarva. Bakketunet har som mål å gi dei som kjem på besøk ei god oppleving som er knytt til kunst, kultur og natur.

 

Inst i Hjørundfjorden finn du kulturbygda Bjørke, der ligg det freda Bakketunet med seks ærverdige bygningar. Tømmeret i dei eldste husa er daterte attende til 1549, det er difor det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre, og har den eldste grindløa i landet. I dei historiske bygningane som inneheld stove, løde, stabbur, kufjøs, smalefjøs og stall kan ein kjenne seg attende til middelaldaren. I meir enn 400 år har menneske og buskap budd i desse bygningane. Menneska i Hjørundfjorden har i hundrevis av år klora seg fast og levd av naturen og skapt eit livsgrunnlag både for seg sjølve og for dei framtidige generasjonane. Sommaren 2010 opna eigarane tunet for besøkande etter meir enn 20 år med restaureringsarbeid. Bakketunet på Bjørke har gjennom åra vorte eit populært reisemål grunna eit rikt kulturprogram og ei veldig interessant kulturhistorie. I sommarhalvåret legg dei vekt på å formidle tradisjonar, kulturarv, kunsthandverk og samtidskunst av høg kvalitet. I 2019 hadde dei blant anna besøk av Simon Wågsholm frå Ålesund som brukte kufjøset som utstillingslokale, i maleria hans får du historier om menneske og landskap i form av figurasjon og abstraksjonar.


Referanse: www.bakketunet.com

Les meir: her