Galleri Cylindra

Tusvik, Sykkylven

Ute på Tusvik finn du eit heilt unikt galleri, med kunstmøblar designa av den fremste norske møbeldesignaren gjennom tidene, nemleg Peter Opsvik. 

Cylindra ligg ved sjøkanten i Tusvik. Designaren Peter Opsvik, presenterte i 1986 ein kolleksjon som har namnet Cylindra Objects. Dette er skulpturelle, sylinderforma objekt med eit sterkt kunstnarisk uttrykk, som t.d. skåp, stolar, bord, garderobe og meir frittståande skulpturar.

 

I verkstaden lagar vi desse uttrykksfulle møbelobjekta, men i galleriet, der skaper vi draumar og visjonar. Her kan du vandre mellom "Kunnskap" og "Klokskap". Ta på. Opne dører. Tenkje på «Troskap» og «Lidenskap» eller kjenne «Fellesskap» både med «Mannskap» og «Borgerskap». I godt «Selskap». Desse møbelobjekta har vore viste ved ei rekkje design- og kulturelle utstillingar både i Europa, Asia og USA.

 

I galleriet kan ein og kjøpe, t.d. nøkkelskap og andre objekt, som Peter Opsvik har skapt.

 

Opningstider kvardagar frå 10.00–16.00.

Laurdag og søndag etter avtale.