Peer Gynt Galleriet

Hellesylt, Stranda

Peer Gynt-utstillinga består av 11 store relieff på inntil 3 kvadratmeter skore ut i lindetre. Det tok Oddvin Parr 13 år å skape desse tre-relieffane. Han henta inspirasjon frå Henrik Ibsen sitt drama Peer Gynt. 

 

Henrik Ibsen si fortelling om Peer Gynt, som delvis foregjeng i eit norsk bondemiljø på 1800-talet, og beskrivinga av hovudpersonen, storløgnaren Peer Gynt, har vore med på å forme bilete av tradisjonell norsk kultur og nordmenn si oppfatning av seg sjølv og det typisk norske, anten det er sneversyn eller utferdstrang. Her finn du det kjente Bukkerittet som fortel om da Peer kjem heim til mor si Åse med øydelagde bukser, møkkete og fæl. Og mor Åse seier at ho ikkje trur på Peer sin forklaring «Peer du lyver!». Andre flotte trerelieff er Bøygen, Anitras dans, Bryllupet på Hægstad, I Dovregubbens hall, Den grønnkledde, Mor Åses død, Stormen, Den tredje korsvei, Ørkenscenen og Verdensborgeren.

Oddvin Parr (1933-2010) vaks opp på garden Parr på Hellesylt. Han var enebarn og bondeson, og då var det naturleg at han tok over som gardbrukar. Familiegarden Parr finn vi 10 km frå bygdebyen Hellesylt, rett aust og godt opp mot fjellheimen, under veldige tindar som er frå 1400-1800 høge. Oddvin var berre 17 år gammal då han starta si utdanning som handverkar, eit yrkesval som skulle gjere han til ein vidspurd treskjerar. Etter yrkesskule og eitt år i privattreskjerarlære venta militærteneste på Hønefoss. Der var han modellsnekkar på eigen verkstad. Der laga han modellar av bilar ,tanks, miner og granatar og andre ting av tre som dei brukte i instruksjon. Han fekk tilbod om å halde fram i ingeniørvåpenet, men måtte takke nei, for heime venta foreldra på hjelp til gardsdrifta. Etter læretida i Trøndelag, fekk han si eiga treskjerarverkstad heime på garden. Her laga han ornament og treemne i barokkstil som peispustarar, peislampar og rokokkobord. Snart vart det også større relieffer i tre, og det aller første motivet var av gardstunet heime. Med åra bygde han seg større verkstad på garden der det vart meir og meir skjering av relieffbilder. Parr underviste også som sløydlærar ved Sunnylven skule på 50-60 talet, og var ein akta sløydlærar. Han hadde også treskjeringskurs rundt om i bygdelaga. Hans tolkingar frå dramaet Peer Gynt er Parr sitt største arbeid og livsverk. I 2002 opna Peer Gynt galleriet på Hellesylt, Hægstad Gård, eit utstillingslokale for dei tolv store kunstverka hans. Dette var ein draum for Parr som vart til verkelegheit.

Opningstider:

Fra 1. juli til 4. august har vi opent galleri alle dagar i veka frå kl. 11.00 – 17.00.