Ljøbrekka tursti

Hellesylt, Stranda

Ljøbrekka er ein del av Den Trondhjemske Postvei 

Ein flott tur på gammal ferdselsveg mellom Herdalen og Ljøen i Stranda kommune.

 

Den Trondjemske Postvei Herdalbrekka - Ljøbrekka er ein flott tur på gammal ferdselsveg mellom Herdalen og Ljøen i Stranda kommune.

 

Turen startar ved tunellinngangen i Herdalen. Stien er fin å gå på, med ei bratt oppstigning med heile 21 hårnålsvingar. Ein går forbi tre vatn, som på varme sommardagar gir moglegheiter for å kjøle seg ned.

 

Når du startar på nedstigninga til Ljøen får du ei fantastisk utsikt til Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Mange plassar langs denne turen ser du spor etter anleggsarbeid som vart påbegynt rundt 1860-åra. Turen endar nede ved riksvegen på Ljøen der Statens vegvesen har bygd utsiktsplattforma. Turen kan og gåast frå Ljøen.

 

Stien er vel 6 km. lang og tar normalt 4 timer å gå ein veg. Toppen av Herdalsbrekka ligg på ca. 800 moh. Dette er ein familievennleg tur som passer for dei aller fleste. Første del opp til Herdalsvatnet er fin grusveg. Ved vatnet er der benker og bord, der det er fint å ta seg ein pause. Her kan ein fiske, bade og brenne bål. Undervegs kan du også sjå Meåkneset og Åkernesremna. 

 

Turbeskrivelse Morotur

Turbeskrivelse Ut.no