Rundreise forslag

Nokre rundreise forslag på Sunnmøre og Sogn og Fjordane.  

 

 

Frå Hellesylt kan du ta ein avstikkar til verdsarvområdet Geiranger som er kjent for sine mektige fjell, gamle fjellgardar, høge fossefall med "De syv søstre" og "Frieren" som dei mest kjente, og den lange, smale og vakre fjorden som er sjølve symbolet på Norge. Geiranger tilbyr fjordcruise der du kan utforske det fantastiske landskapet. Dersom du ynskjer kan du ta vegen tilbake via Strynefjellet og ned til Stryn.

 

Frå Hornindal ved Kjøs bru kan du ta ein avstikkar for å besøke Holmøy Arbeidsskule som vart skipa i 1858 av Hans Holmøy. Det var den første snikkarskulen i Skandinavia. Då skulen vart bygd var det plass til 5-6 elevar, men i 1865 vart det plass til fleire elevar då det vart bygd ei ny skulebygning. Elevane kom stort sett i frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre, men også elevar heilt i frå Trøndelag til Sørlandet, og til og med nokre frå Island og Færøyane. Her var det mange som tok utdanninga si innanfor møbelsnekkar faget. Hans Holmøy dreiv dei første åra skulen saman med broren sin Oliver, begge brørne var dyktige handverkarar både i snekkar -og smedfag. Dei var mellom anna med å bygge kyrkjene i Hornindal og Sunnylven.