Visnes Hotel

Stryn

Vertskapet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal ønskjer deg velkomen til sjarmerande Visnes Hotel, eit historiske hotell frå 1850, der mykje av den gamle historia er bevart.

 

 

Visnes Hotel er eit gamalt hotell med fasade i sveitsarstil som ligg på Visnes i Stryn. Verksemda starta i 1850 då eigaren av den store garden Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok i mot gjestar. Verksemda vart bygd ut gradvis, og sonen Arne gjorde det om til hotell i 1887. Visnes i Stryn var på denne tida ein sentral plass i Stryn, med kai og hovudveg forbi hotellet. Varer og gjetar kom både landevegen og sjøvegen. Stryn ligg inst i Nordfjord, og det var mykje båt-transport som kom frå mellom anna Bergen og Sogn.

Den største utvidinga av Visnes Hotel vart gjort i mellomkrigstida, då også den velkjende fasaden i sveitsarstil vart bygd. Hotellet fekk 30 gjesterom. Eigarane dreiv også bensinstasjon og bilverkstad ei tid. Hoteldrifta låg nede frå 1957 til 1986, då tok 5. generasjon Visnes, Kristin Visnes, opp att drifta. I 2000 kom 6. generasjon Visnes til Stryn og tok over. Vibeke Visnes pussa opp mange av romma og det vart laga bad til alle rom. Hotellet har i dag 15 rom som er innreidd i mellomkrigsstil og jugendstil.

 

I 2014 vart Visnes Hotel selt til ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal. Dei aktar å vidareføre drifta av hotellet i tradisjonell stil, med overnatting og arrangement. Hotellet vil behalde sin stil, som bær preg av å ha vore i drift gjennom mange stilepokar og har mykje historie og sjel ved seg. Spor etter den store garden finn ein også på tomta, med det store tunet og den gamle låven som eit landemerke. Håpet er at denne snart skal bli restaurert og tatt i bruk.

 

Visnes Hotel er tildelt Olavsrosa, som er eit kvalitetssymbol for den norske kulturarven.

 

I Stryn har du mange ulike overnattingstilbod, sjå her