Simen Staalnacke

Stryn

Simen Staalnacke er kjend som ein norsk gründer og klesdesignar. Han starta den velkjende kjeda Moods of Norway i 2003 saman med Peder Kristian Børresen og Stefan Dahlquist. 

 

 

 

 

Det heile starta i 2003 då Simen Staalnacke og to vener starta kjeda Moods of Norway i Stryn. Det var som eit eventyr der fleire internasjonale kjendisar oppdaga den nye klesgiganten, og dei fekk stor merksemd frå alle kantar. Varemerket etablerte seg raskt utanfor landegrensene.  Merkevara baserte seg på nasjonalromantikken, dei velkjente rosa traktorane, vaflane og bestemødrene. Etter konkursen i 2017 starta Simen Staalnacke opp igjen eit nytt konsept saman med Jan Egil Flo kalla Moods der han valte å la traktoren vere parkert, og det nasjonalromantiske utrykket var ganske kraftig nedtona. Han har den siste tida gått i designsamarbeid med Magnor, der inspirasjonen er henta frå verdsbyen Tokyo med servise dekorert med origami. Han har også hatt eit samarbeid med Nordic Form der han har lansert "The weekend Getaway Collection" som er ei kolleksjon med sengetøy.