Berlihuset Mat & Vin

Sykkylven sentrum

Berlihuset er ei trebygning i Sykkylven sentrum som dei siste åra har gjeve plass til ulike kultur- og næringsaktivitetar. Det var fiskeeksportøren Børre Berli i Ålesund som bygde huset i sveitsarstil som sommarbustad i i 1896. 

I 1986 kjøpte møbeldesignaren Svein Asbjørnsen bygget. I åra framover nytta han store ressursar for å setje bygget i stand att. Til dette føremålet fekk han støtte frå offentlege vernemyndigheiter. I 1996 fekk han Fortidsminneforeningen sin Godt vern-pris for arbeidet sitt. Fylkeskonservator Jens Peter Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune uttalte dette om huset i 1996: "Berlihuset representerer ein tradisjon med lystgardar for velståande byborgarar, truleg eitt av få døme på slike anlegg her på Sunnmøre."