Stranda Kyrkje

Stranda

Også kalla Sløgstad kyrkje, er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda (eller Sløgstad) i Stranda kommune. Kyrkja er frå 1838 og er bygd i treverk. Tidlegare låg det truleg ei stavkyrkje på staden, denne vart øydelagd av eit stort fjellskred i 1731 (Skafjell-ulukka).

Stranda kyrkje frå 1838

 

Også kalla Sløgstad kyrkje, er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda (eller Sløgstad) i Stranda kommune. Kyrkja er frå 1838 og er bygd i treverk. Ei alterplate frå katolsk tid og eit alterskåp frå kring 1500 er bevart. Plata er i marmor og har relikviegøymer, medan skåpet har motiv med Maria møy med barnet, St. Laurentius og St. Andreas. Utanfor åttekanten er det eit tilbygg for våpenhus og eit for kor, og eit lite tilbygg for sakristi. Bak i skipet er eit galleri rundt veggane. Arkitekten er ukjent, men jubileumsboka oppgir Knut S. Øye som byggjeleiar.

 

Tidlegare låg det truleg ei stavkyrkje på staden, denne vart øydelagd av eit stort fjellskred 1731 (Skafjell-ulukka) og krosskyrkje i tømmer vart sett opp i staden. På 1800-talet vart krosskyrkja for lita og dagens åttekantkyrkje vart bygd.