Sykkylven Kyrkje

Sykkylven

Sykkylven Kyrkje ligg på Aure, midt i Sykkylven sentrum. Her er det gjort fleire arkeologiske funn heilt tilbake til folkevandringstida (400 - 600 e.Kr.) som tydar på at her har vore høvdingsete, og at langhuset her kan ha vore nytta og til religiøse seremoniar. 

Sykkylven kyrkje frå 1990

 

Ei firekanta arbeidskyrkje på Aure i Sykkylven sentrum, bygd i betong og teglstein. Ho har ein frittståande klokkestøpul. Arkitekt for bygget var Oskar Nordervald. Designer Ingmar Relling fekk ansvar for korstolane. Designer Svein Asbjørnsen hadde ansvaret for benkar og stolar i kyrkjerommet. Altartavle- og glaskunstnar Veslemøy Nystedt Stoltenberg fekk ansvaret for altartavla.

 

Størstedelen av interiøret i kyrkja vart laga gjennom dugnad av kyndige snikkarar i Sykkylven. Dette gjaldt orgelhuset, gallerifronten, altarringen, lesestolen, bokbrettet, talarstolen og kyrkjebenkane. Mange eldre snikkarar, med Haldor Vik som leiar, arbeidde på dette prosjektet i fleire månader. Dei heldt til i den nedlagde Brødrene Hole Møbelfabrikk i Velledalen og hadde som regel åtte til ti timars arbeidsdagar. I februar 1990 kunne orgelhuset køyrast i smådelar til Marcussens Orgelfabrik i Aabenraa i Danmark. Etter 3000 dugnadstimar, i april 1990, var orgelet kome på plass. Det var første gongen at orgelfabrikken i Danmark sette bort delar av arbeidet på denne måten. Dei danske orgelbyggjarane rosa innsatsen til dei friviljuge i Sykkylven og gav arbeidet karakteren «Meget, meget bra». Sykkylven kyrkje fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992. Kyrkja har 850 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

 

I samband med at det vart skipa til kranselag då nye kyrkja var taktett, 22. september 1989, vart verdas høgaste kransekake laga i Sykkylven sentrum. Kaka vart laga av bakar Sigmund Kulseth, og dei to sønene hans, Halldor og Odd Kristian. Kaka målte 717,5 cm og vart då notert som verdas største kransekake. Rekorden er sidan slått.

 

Gammal kyrkjestad

Aure har vore kyrkjestad i lang tid. I nyare tid er det gjort fleire fornfunn ved kyrkja på Aure, mellom anna spor av langhus frå folkevandringstida (cirka 400-600 e.Kr.). Ein reknar med at desse husa var høvdingsete og dei kan også ha vore nytta til religiøse seremoniar. Skriftlege kjelder fortel om ei stavkyrkje på Aure om lag 1300. Dette var bygda si kyrkje før og etter reformasjonen. I 1705 brann stavkyrkja ned etter lyneld. I åra 1709-1710 vart det ført opp ei ny krosskyrkje på tomta. Denne kyrkja skal ikkje ha hatt særleg med utsmykking i første omgang, då alt utstyret forsvann i brannen. Etter kvart vart det mellom anna skaffa ei vakker altertavle. Den strauk med i kyrkjebrannen i 1983. Krosskyrkja fekk også ei stor klokke. Folkeminnegranskaren Peder Fylling fortel at klokka gav så god lyd at ho høyrdest heilt til Velledalen.