Anders Svor museet

Grodås, Hornindal

Kunstmuseum på Grodås viet billedhuggaren Anders Svor som var frå bygda. Museumsbygget, som inneheld dei fleste av arbeida til billedhuggaren, i alt 450 verk, vart opna i 1953.

Anders Svor etterlet seg om lag 450 skulpturar, dei fleste i gips eller leire, og berre nokre få i bronse. Galleriet vart flytta frå Oslo til Grodås etter ønskje frå arvingane, og overdrege til Hornindal kommune i 1941 på vilkår om at det vart reist eit eldfast museumsbygg. Grunna krigen og tronge økonomiske tider vart ikkje bygginga sett i verk før i 1951. Anders Svor Museum vart opna 12. juli 1953. Samlinga er på om lag 560 arbeid, inklusive skisser og utkast. 

 

Bilethoggaren Anders Svor vart født i Hornindal 14.desember 1864. Gjennom generasjonar, både på mor- og farssida, hadde det vore dugande felespelarar, songarar og smedar i slekta. Anders viste seg allereie som tolvåring som ein dugande treskjerar. Som syttenåring fekk han arbeid som treskjerar ved Brødrane Hals pianofabrikk i Kristiania, samstundes som han var elev ved Den Kgl. Tegneskole. I 1886 -1888 var han student ved København Kunstakademi, der han mellom anna hadde professor Theobald Stein som lærar. Han vart buande i København heilt fram til 1892, som elev av Stephan Sinding  og Vilhelm Bissen. I 1891 fekk han sitt kunstnarlege gjennombrot då han vant gullmedalje for skulpturen David på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin. Han deltok på utstillingar i Kristiania, København, Brighton, Chicago, og verdsutstillingane i Paris og Rio de Janeiro. Etter København-tida budde han i heimbygda ein kort periode, før han i 1893 reiste attende til Kristiania. Under eit stipendopphald i Paris i 1894-95, vart Svor svært fenga av Auguste Rodin sitt kunstnarskap, og i skulpturen Adam og Eva er det mykje som tyder på at han hadde lete seg inspirere av Rodin sin skulptur Tenkjaren. Etter Paristida slo han seg ned i Kristiania for godt. Der budde og arbeidde han, med avbrot av nokre korte periodar med arbeid ved Nidarosdomen, til han døde 2. mai 1929, 64 år gamal. 

 

Anders Svor arbeidde i ein naturalistisk og nyromantisk stil. Han  levde i ei tid då det var lite med arbeidsoppgåver for bilethoggarar, og det var langt mellom større oppdrag. Det var heller ikkje til å unngå at glansen av Gustav Vigeland kanskje kasta meir skugge over andre samtidige bilethoggarar enn fortent var. Likevel fann fleire av Anders Svor sine mest kjende verk plass i det offentlege rommet. I Oslo står fonteneskulpturen Bylgja i Skillebekkparken, Etter badet ved Bislett bad, Ein symjar i Kampen park, og det er Anders Svor si løve som vaktar kongeinngangen til Nationaltheatret. Elles er Anders Svor representert i Porsgrunn med Forliste sjømenn, i Moss med Diskoskasteren og, ikkje minst, i Tønsberg med den store statuen av Sven Foyn. Gustav Vigeland skal ha karakterisert sistnemnde som ein av dei beste portrettstatuane laga i Noreg. 

ANDERS SVOR MUSEUM OPNINGSTIDER 2019:

19.08-01.09:
Tysdag-fredag 10-16
Laurdag, søndag 11-16

Elles ope etter avtale.
Tlf. 95 10 51 76/ 97 42 15 65