Reise

Designvegen går gjennom Sunnmørsalpane og Nordfjord, eit alpint fjellandskap frå Sykkylven til Stryn, langs fylkesveg 60.

Det er vegen du bør velje om du ønskjer flott utsikt over fjord og fjell. Du vil få oppleve ei naturskjønn rute med fleire kulturhistoriske høgdepunkt, med unik designhistorie, frå møbelproduksjon, frå kle- og tekstilproduksjon.

På Møbelmuseet i Sykkylven kan du bli betre kjent med norsk møbelhistorie ikkje berre frå Sykkylven, med frå Stranda der møbeleventyret starta og møbelikon frå andre stader i landet. 

På Stranda har næringsmiddelindustrien vekse og blitt ei viktig næringsveg i kommunen. Dei fleste kjenner nok både Grilstad sin Strandaskinke og Orkla sin Grandiosa pizza som vert produsert her, og saman sysselset over 300 personar på Stranda. I Hellesylt ligg familiebedrifta Ole Ringdal, ei hjørnesteinsbedrift med 50 fast tilsette, og heile 80 i haustsesongen. I eige slakteri produserer dei ferske kjøtvarer og spekemat som vert distribuert over heile landet. I Stryn er familiebedrifta Nordfjord Kjøtt blitt ein stor og viktig arbeidsplass, og har distribusjon av kjøtvarer til alle Rema100 sine butikkar rundt om i landet. I tillegg til dei store industrielle aktørane er det eit stort mangfald av lokalmat-produsentar som bruker både gamle og nye produksjonsmetodar og nytter lokale råvarer i lokal mat og drikke.

I Stryn kan du la deg begeistre av norsk klesdesign, hjå Riccovero, Moods og Skogstad Sport. 

På Grodås kan du besøke utstillinga til Norge sin fremste portrettskulptør i si tid, Anders Svor. Her kan du og sjå gamal ingeniørkunst på Horndøla bru, la deg bergta av den markante Hornindalsrokken og Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet.

***

Frå Storfjorden og Sykkylven går vegen opp på Strandafjellet på 430 moh. før ruta går vidare ned mot Stranda. På Strandafjellet kan du ta gondolen opp til Roaldshornet på 1230 moh. og nyte panoramautsikt utover Storfjorden. Vegen går vidare langs Ljøvegen til Hellesylt og vidare til Grodås og Stryn.

Frå Ålesund Lufthavn Vigra er det 4 mil og det tar normalt 40 minutt å køyre til ferjeleiet ved Magerholm. Derfra tar det 20 minutter med ferga over til Aursneset og Sykkylven.

Heile ruta frå Sykkylven til Stryn er på 11 mil og utan stopp tar det 2 timer å køyre langs heile Designvegen.